Vassforsyninga

Tekniske tilhøve – vasskjelde, utstyr og transportsystem for vatnet

Område for vasstilsig, vasskjeldeinntaket for vatnet ligg på ca kote 157-158 i Gjerdeøyna ved sida av Brunstadelva. Denne elva har Brunstaddalen og Brunstadkollen som nedslagsfelt og vasstilsigsområde.Vasskjelda er Brunstadelva og det vatnet som sig frå denne i grunnen og inn til til inntaket der vatnet blir samla opp og leia over i røyr. 

Renseanlegg

Vassbehandlingsanlegget ligg på vasslaget si tomt på gnr. 32 bnr. 84 på Brunstad. Det består av utstyr for mekanisk reinsing og UV-aggregat. Behovet for eventuelt naudkloranlegg vert vurdert. For drift og vedlikehald av anlegget gjeld det særskilte prosedyrar.  

Styret utpeikar tilsynspersonar som har særskild opplæring på anlegget og er tilknytt automatisk alarm ved trykkfall og eventuell svikt i UV-anlegget. Periodisk vedlikehald på anlegget vert utført av     Aqua & Care AS..

Teknisk vedlikehald

Vasstrykket varierer med høgdeforskjellen på vassøylene. I oktober 2013 vart det montert trykkreduksjonsventil ved Velledalen skule. Dette gjorde at ein kunne knyte saman inntaksleidninga ved dei gamle kummane i Skavøyna og såleis oppnå auka trykk, men utan at dette vart for høgt slik at det kunne gjere skade hjå abonnentane. Nokre abonnentar som til då hadde hatt bruk for pumpe til forsterking av trykket fekk ved flyttinga av inntaket i 2013 tenleg vasstrykk utan pumpe, samstundes som vasslaget sitt forsyningsområde vart utvida.

Transportsystem, røyrleidningar

Vasslaget har eige transportsystem for vatnet. Desse hovudleidningane består dei fleste stader av 6 toms trykksterke PVC-røyr. Enkelte stader der forbruket tilseier det kan hovudleidningen vere av mindre dimensjon, t.d. 4 eller 2 toms leidningar.