Organisering, leiing, driftsrutinar / internkontroll og HMS


 Vasslaget er eit samvirkeforetaket  ( SA ) - og vert leia av eit styre på tre personar med eit varamedlem.           Styret består av følgjande:

       Arne Oskarson, styre-leiar

       Norman Hole, styremedlem  (tilsyn teknisk )

       Asle Skoglund, styremedlem ( regnskap )

       Jan Ove Skogvold, varamedlem

      Kvart år vert det halde val/attval på styremedlemer m.v. som står på val.

      Foretaket har rekneskapsrevisorar, valkomite.

      Tilsyn med tekniske anlegg vert leia av Norman Hole. 

      Sekundær alarmvakter er Geir Helge Grebstad og Kai Ove Skylstad.

       Om vedtektene

 Dei vedtektene som gjeld i dag er endra seinast 28.02.2023. À jour vedtekter finn du på sida «Vedtekter» som alle kundar av vasslaget har tilgong til.  Vedtektene er m.a. bestemmande for andelshavarane sine rettar og plikter. Nokre reglar som har hatt betydning i praksis er for eksempel   at :

  • vasslaget ikkje eig eller svarar for stikk- /sideleidningane som går frå hovudleidninga og fram til huset. Det same gjeld tilkoplingane til hovudleidninga. Det er andelseigaren som bekostar både anlegg og vedlikehald av desse

  • abonnenten må melde frå skriftleg dersom ein vil unngå vassavgift i eit hus som står ubebodd i meir enn 6 månader

  • skyldnader som ikkje er gjort opp fylgjer med eigedomen ved eit eigarskifte

 

 Det går også fram av vedtektene at det er kun heimelshavar til særskilt matrikulert fast eigedom som kan vere andelshavar. Dersom det på same eigedom (bruksnummeret) er fleire husvære, vil eigarane av desse ha status som abonnentar, men utan å vere andelshavarar som skal svare andelsinnskott eller kostnadsbidrag.

Årsmøtet har høgaste mynde i føretaket. Her vert årsrekneskapen, vassavgiftene og andre saker av større betydning handsama. Det same gjeld andre tilhøve der vedtektene har lagt avgjerdene til årsmøtet. Møtet vel også rekneskapsrevisorar og valnemnd.

Styret har utarbeidd rutinar for drift, tilsyn og vedlikehald. Internkontrollen skal sørgje for at desse rutinene blir vedlikehaldne og at det ligg føre oppdaterte gjennomgangar i høve til HMS for personalet.