Organisering, leiing, driftsrutinar/internkontroll og HMS

Samvirkeforetaket vert leia av eit styre på fem personar med eitt varamedlem. Styret består av følgjande: 

  • Charles Jakobsen, leiar
  • Ole Johnny Welle, styremedlem
  • Kjetil Kvammen, styremedlem/administrasjon
  • Svein Linga, styremedlem
  • Marit Hole, styremedlem

    Varamedlem: Jan Ove Skogvold

Kvart år vert det halde val/attval på styremedlemer m.v. som står på val.

Foretaket har rekneskapsrevisorar, valkomite.

Tilsyn med tekniske anlegg vert leia av Charles Jakobsen. Sekundær alarmvakter er Geir Helge Grebstad og Kai Ove Skylstad.

Om vedtektene

Dei vedtektene som gjeld i dag er endra seinast 27.02.2020. À jour vedtekter finn du finn du under internsida «Abonnentar» som alle kundar av vasslaget har tilgong til.

Vedtektene er m.a. bestemmande for andelshavarane sine rettar og plikter. Nokre reglar som har hatt betydning i praksis er for eksempel at

  • vasslaget ikkje eig eller svarar for stikk- /sideleidningane som går frå hovudleidninga og fram til huset. Det same gjeld tilkoplingane til hovudleidninga. Det er andelseigaren som bekostar både anlegg og vedlikehald av desse
  • abonnenten må melde frå skriftleg dersom ein vil unngå vassavgift i eit hus som står ubebodd i meir enn 6 månader
  • det er gitt reglar for betaling for fleire husvære på same eigedom
  • skyldnader som ikkje er gjorde opp fylgjer med eigedomen når denne skifter eigar
       

Det går også fram av vedtektene at det er kun heimelshavar til særskilt matrikulert fast eigedom som kan vere andelshavar. Dersom det på same eigedom (bruksnummeret) er fleire husvære, vil eigarane av desse ha status som abonnentar, men utan å vere andelshavarar som skal svare andelsinnskott eller kostnadsbidrag.

Årsmøtet har høgaste mynde i føretaket. Her vert årsrekneskapen, vassavgiftene og andre saker av større betydning handsama. Det same gjeld andre tilhøve der vedtektene har lagt avgjerdene til årsmøtet. Møtet vel også rekneskapsrevisorar og valnemnd.
Styret har utarbeidd rutinar for drift, tilsyn og vedlikehald. Internkontrollen skal sørgje for at desse rutinene blir vedlikehaldne og at det ligg føre oppdaterte gjennomgangar i høve til HMS for personalet.